Årets første geocache

Etter å ha leita forgjeves i forrige veke,
fann eg endeleg årets første geocache.
Og den låg der eg hadde leita..!

Photobucket
Eg fann, eg fann!

Photobucket
Luna hadde mest lyst å leike seg med cachen, men den er no trygt tilbake på plassen sin.

Photobucket
Eg leita forgjeves etter vårteikn! Fann i staden nokre fine, inntørka kongler frå i fjor.

Årets første skitur!

Strålande påskestemning i dag óg,
så det bar til fjells.

Luna og eg fekk ein flott skitur
frå skisenteret på Utvikfjellet og utover til Fløtravarden.

Ikkje noko å utsette på stilen
(heeeilt objektivt..!),
forma var det verre med :-p

Eit fall høyrer visst med,
og det allerede
FØR
vi kom oss forbi parkeringsplassen….!
Luna var GIRA, ja!

Photobucket
På veg oppover bakkane

Photobucket
Luna poserar ved varden

Photobucket
Ei god kvil før utforkøyringa nedatt

Flott fredagsformiddag

Det flotte vintervéret nytast så ofte som mogeleg.
Her er nokre glimt frå ein flott fredagsformiddag.

Photobucket
Luna har funne seg ein pinne,
og nyt utsikta innimellom gnaging og tygging.

Photobucket
Fin naustrekke

Photobucket
Fann eit kart over Skandinavia!

Photobucket
Nesten so ein kan tru det er sommar…!

Magisk formiddag

Tidlegare i veka var det ein formiddag både skodde og sol.

Rett magisk!

Photobucket

Trollsk stemning ved båthamna

Photobucket

Luna har sett noko av interesse

Photobucket

Fina mi!

Photobucket

Fryd!

Photobucket

Eit nytt samleobjekt må vere med heim…!

Lerret

Veggen bak sofaen var naken og kjedeleg. Før helga fekk eg endeleg bestemt meg for bilde og bestilte eit lerret, 40X90cm, frå Eurofoto. Allerede tidleg denne veka var det klart til henting.

Eg må sei eg er veldig fornøgd med resultatet. No kan eg sitte og drømme om vakre Stavsjøen i Malvik.

«Ah, lat det bli sommar!»

Photobucket

Påskestemning

I går var det strålande påskestemning; herleg!

Photobucket
Lite med båtliv, trass flott vér.. :-p

Photobucket
Kommentar trengs ikkje!

Photobucket
Fotografen seier: «Hei!»

Så herleg med snø!

I starten av forrige veke var det strålande vintervér,
og alt alt for kaldt (etter min smak).

Ikkje alle har same smak:
Luna naut snøen og kulda til det fulle!

Photobucket

Photobucket
Så herleg å rulle seg i snøen!

Photobucket
Luna lagar snøengel..?!