Müsliblanding

Ei på jobb har med seg heimelaga müsliblanding og yoghurt til mellommåltid. Det ser so godt ut, so eg fekk oppskrifta og laga meg ei ladning. mmM! Yoghurt-konsumet har flyge til himmels, men aiai, kor godt!

Blanda ingrediensane med sukker, vatn og olje

Fordelte på to plater, og steikte i 30 min. Rørte ofte

Tilsette rosiner og tranebær etter nedkjøling

Advertisements
Posted in Mat

Myklebusthornet

Kristi himmelfartsdag vakna eg opp til strålande turvér. Øvst på lista stod Myklebusthornet (329 m.o.h.) på Ellingsøya, so då var det berre å pakke med seg niste og komme seg avgarde. Fekk «lurt» med pappa óg : ) Vi starta frå Nes, gjekk innover Sætredalen, opp på Kleiva, utover til Myklebusthornet, vidare utover og nedatt til Nes. Ein knallfin tur i eit strålande vér, med panoramautsikt alle vegar! Ein tur å anbefale!

Neste gong står Rørene, nabotoppen, for tur.

Pappa og Luna på veg innover Sætredalen

Utsikta eit stykke oppe i Sætredalen

Fine Sunnmørsalpar

Oppe på Kleiva

Målet!

Utover mot Ålesund og Godøya

Luna prøvar å vaske seg litt...

Fine Luna mi!

Matatur

Luna og eg var i heimbygda eit par dagar denne langhelga. Laurdagen starta oss med ein matatur til eine favoritt-plassen min. Oss kosa oss begge to; eg med eit par av minstebror sine heimebaka skiver med salami på, Luna med ein nesten litt for lang kjepp : )

Bokliste 2010

Jostein Gaarder – Julemysteriet
Robert Wilson – Mørkets Makter
Isabel Allende – Inés, jeg elsker deg! (lydbok)
Anna Gavalda – Eg elska ho
Margaret Skjelbred – Gulldronning, perledronning (lydbok)
Åsne Seierstad – De Krenkede

Filmliste 2010

Hachiko: A Dog’s Story (2009)
Gymnaslærer Pedersen (2005)
Finding Neverland (2004)
Tatt Av Kvinnen (2007)
Becoming Jane (2007)
Pride And Prejudice (2005)
Twilight: New Moon (2009)
Mansfield Park (2007)
Persuasion (2007)
Sense & Sensibility (2008)
Northanger Abbey (2007)

Borgernes vei

Fredag var véret strålande, så Luna og eg starta helga med ein oppdagelsestur langs Borgernes vei. Vi starta i Gangstøvika, gikk til Byparken, og opp dei 418 trappetrinna til Fjellstua. Deretter fortsatte vi bortover til Aksla stadion, ned til Flatholmen og til Gangstøvika igjen.

På veg frå Gangstøvika

Utsikt heimover

Nordre gravlund

Byparken nærmar seg

Ålesund

Luna er klar for dei resterande 200 trappetrinna

"Kom an då!"

418 trappetrinn over Byparken