Filmliste 2011

The Tourist (2010)
Atonement (2007)
Sideways (2004)
Harry Potter And The Prisoner Of Azkaban (2004)
Mr. And Mrs. Smith (2005)
Mamma, Pappa, Barn (2003) – RAR svensk film…
Blod Diamond (2006) – MEKTIG! Sterke inntrykk!

Advertisements

Gang

Smått om senn blir det orden i mitt nye, lille krypinn. Det har blitt nokre turar på Ikea dei siste to veke, og det blir heilt sikkert fleire framover. Gangen er nesten ferdig; tepper, benk, hylle med boksar, knaggar og speil er på plass. No gjenstår det kun å sy ei ny gardin til vindauget.

Søndagstur

Vindstille, tre små plussgrader og delvis skya, med fare for sol, er eit godt utgangspunkt for ein vellykka tur. Luna og eg tok laus med tanken: «Vegen blir til medan ein går». Det enda med ein tur rundt heile Vikelva; opp på Reppe, innover langs Reppeåsen og Vikelva, heilt til vi møtte på Jonsvatnet. Derifrå gjekk oss heimover på Vikåsensida.

Herleg utsikt frå nedre del av Reppe.

Reppe Ridesenter

Reppe Østre

Eit gamalt vedskjul?!

Den faste rutina!

Vinterlyd

Kvart år arrangerer Kreftforeninga i samarbeid med P4 gratiskonsertar: Vinterlyd – Krafttak mot kreft, og i går var turen kome til Trondheim. Utpå dagen vart véret ganske ufyseleg med sludd i vannrett retning, men litt etter at konserten hadde begynt, klarna det opp, så eg rusla frå Solsiden og inn til Torget for å kike.

Nidelva frå blomsterbrua.

Nokre heldt varmen lettare enn andre!

Sirius ordna god stemning!

Det gjorde også A1.

Fin laurdagsmorgon

I går tidleg var det sol og blå himmel, så vi tok ein litt lenger morgontur enn vi brukar. Herleg friskt!

Luna med utsikt over litt av Ranheim.

Ein liten laurdagsvask!

Nesten så ein kan føle at våren er i anmarsj ved Overvik gard.

Fredag i midtbyen

Fredag ettermiddag tok Gunhild og eg turen til midtbyen for middag, handling, rusling, kafétur og spel.

Middag på Kos Bar and Lounge. Gunhild åt kylling og eg åt laks. Anbefalast!

Vi kika innom Chez Nous. Koseleg butikk med mykje fint.


Finfin globus! *Ønske seg*


Då vi var leie av handling og kiking, rusla vi over Gamle Bybroa,

og knipsa nokre bilde

på vegen

til Choco Boco.

Vi drakk kaffe latte med krem og sjokolade på,

medan vi spela Rummy : )

Bokliste 2011

May Britt Haukås – Dynamittpus og fl. historier frå Naturtelefonen
Victoria Hislop – Øya
Lars Saabye Christensen – Bly (lydbok)

Søndagstur

I dag har Luna og eg vore på ein fin søndagstur saman med Kristine & co på Sveberg. Luna var storfornøgd med å treffe att kompisane sine, Dino og Enzo, og dei storkosa seg saman i snøen.



Enzo, kongen!

Tre Små Kinesere

I går var eg så heldig å få vere på intimkonsert med Tre Små Kinesere, saman med omlag 30 andre, i ei privat stove. God stemning!


«Fin – du e så fin – du e min hjertemedisin»

 

«På klassebildet, i rekke nummer én

på klassebildet, der e du suveren»

 

Filmliste 2011

The Tourist (2010)
Atonement (2007)
Sideways (2004)
Harry Potter And The Prisoner Of Azkaban (2004)
Mr. And Mrs. Smith (2005)