Kort til ein sprek 30-års-jubilant

Mi kjære, spreke, «alltid i farta-søster’n» feira 30 år på laurdag, og i den anledning plukka eg fram scrappesakene og leika meg litt.

Advertisements

Forrige helg var eg så heldig å få plukke med meg nokre ting frå ei dame som nettopp har flytta inn i ei lita og lettstelt leilegheit, og i den samanheng måtte kvitte seg med ein del ting.

Sjå fine funna!

Sjarmerande boksar, sukkerskål og flott fat.

Fine fargane og mønsteret!

Litt såpe og vatn, så blir denne finfin!

Fire blanke glas og tre med blomar på.

Fint fat til lys, og tre kubbelys. I tillegg fekk eg med fire kvite, vridde kronelys.

Prosjekt – lappeteppe – FERDIG!

For eitt år sidan var eg på kurs ved Lappestua, og no er Ålesundsteppet mitt ferdig! Stichery, saum på papir, applikasjonar og meire til. Storleiken er 165 x 110 cm. Det er nesten så eg ikkje tør å bruke det – likevel gler eg meg til å ta det i bruk! (Bileta er tatt lenge etter at sola gjekk ned – fargane er i lillatonar og klarare i dagslys!)


Vendbar siklesmekke – tutorial

Mal

Klipp ut to stoffbitar som er litt større en malen. Tegn rundt malen, på baksida av det eine stoffet. Her har eg brukt eit stoff i bomull og eit i flanell.

 

Legg rettside mot rettside og sy rettsaum etter streken.

La det vere att ei som lag 5 cm lang åpning.

Reinklipp, omlag 0,8 cm frå kanten. Ikkje klipp for nært saumen.

Vreng smekken.

Sy ein pyntesaum rundt, omlag 0,5 cm frå kanten. Det kan vere greit å stryke smekken først.

Fest på knappar.


Eine sida.

Andre sida.