Bokliste 2009

Ceremony In Death – Nora Roberts as J. D. Robb

En Djevel I Prada – Lauren Weisberger

Saman Er Ein Mindre Aleine – Anna Gavalda

Mannen Som Elsket Yngve – Tore Renberg (lydbok)

Havets Katedral – Ildefonso Falcones (lydbok)

Jeg Forbanner Tidens Elv – Per Petterson (lydbok)

Beatles – Lars Saabye Christensen (lydbok)

Menneske Uten Hund – Håkan Nesser (lydbok)

Drageløperen – Khaled Hosseini

Tusen Strålende Soler – Kaled Hosseini

Advertisements

Ny stove!

For ein månads tid sidan kom eg over ein perfekt hjørnesofa på Finn.no, og måtte berre slå til. Hadde lenge ønska meg ein gamal hjørnesofa som eg kan trekke opp igjen, og plutselig klaffa det; både med pris: 850 kr, og stad: tre kvarter å kjøre. Sofaen er i ganske fin stand sjølv om den sikkert er mykje brukt, så eg venter med å male og trekke om til neste år. Har planar om å male treverket, men er enda ikkje enig med meg sjølv om det skal bli lyst eller mørkt. Stoffet er eg ganske fast bestemt på; grå-brun-melert. Men det er aldri godt å vite kor mange gonger eg kan skifte mening, innan neste år :p Eg er iallefall kjempefornøyd med kjøpet!

Salongbordet skal også malast, i samme farge som treverket på sofaen. Bordet som TV’n står på, kom eg plutselig over borte hos pappa, ein dag vi rydda for å levere diverse møblar til loppermakedet på naboøya. Det er et bord som han laga då han gikk på yrkesskulen for eit halvt hundreår sidan! Og det var akkurat eit sånt bord eg hadde leita etter, til å ha TV’n på! Det skal også behandlast, på ein eller anna måte.


Lykke!