Ettermiddagstur i Strindmarka

For eit par veker sidan fann eg ut at det var på tide å bli meir kjent i Strindmarka, så Luna og eg la avgarde på ukjente vegar og skogsstiar. Det vart ein flott tur, noko som har resultert i fleire turar i same område no i september. Fortsatt er det mange stiar og plassar vi ikkje har utforska enda. Håper hausten fortsett å vere fin, innimellom ruskevéret : )

Kvar skal vi gå i dag?

Småsjarmerande sopp

Fine hjarteblad

Trollsk stemning inne i skogen

Treet smakte visst godt

Estenstaddammen

Herleg med eit kaldt bad

Joggebukse

Etter litt (les: ein god del) feilsying og oppatt-rekking, innom halvvegs ferdig skjørt, vart det endeleg joggebukse til favoritt-guten. Så no er joggedressen komplett! Blir spanande å sjå om den passar : )

Bukse i str 92, til monstergenseren

Genser med monster

Favoritt-guten min vart eitt år i slutten av august, og i den anledninga sydde eg ein genser til han. Tidlegare har han fått ei siklesmekke med monster på, så det måtte bli monster på genseren óg.

Genser med monster. Sydd i jersey, str. 92

Symerke laga av eit restestoff

Sylsjøen

I slutten av juli var Kristine, Dino, Enzo, Luna og eg på hyttetur i Tydal. Vi tok ein kjapp tur over grensa til Sylsjøen/Sylsjødammen.

Herleg å vere på høgfjellet!

Sommartur i Bymarka

I juli kjøpte eg meg tursekk for helgaturar og lengre turar, og den måtte testast før avreise til Tafjordfjella. Sekken vart pakka med sko, kle og mat, for ein dag i Bymarka. Dagen var heit og klea vart kun til ballast. Luna og eg rusla frå Granåsen, om Rønningen og til Frøset for middag; torskegryte til meg og tørrfór til Luna. Fornøgde vart oss begge to : )

Middagsutsikta på Frøset gard

Luna slappar av i sola

Slitne fotar

Middag: torskegryte, mmM