Så seglar vi på Mjøsa

I ferien tok Luna og eg ein liten tur til Gjøvik for å besøke slekt. Og vi var så heldige at vi fekk vere med utpå Mjøsa i det fine véret. Luna sin første båttur! Ho pesa og styra, og prøvde så godt ho kunne å holde balansen. Då ho spratt i land i ei gjestehavn litt lenger sør, såg alt ut til å vere gløymt. Ho storkosa seg på kaia, medan jentene prøvde fiskelykka. Det var desverre lite med mort (!?)) å få.

 photo IMG_0877_Gjoslashvik_Mjoslashsa_zps652811fe.jpg

 photo IMG_0887_Gjoslashvik_Mjoslashsa_zps1f610fea.jpg

 photo IMG_0902_Gjoslashvik_Mjoslashsa_ender_zps4ca6751d.jpg

 photo IMG_0920_Gjoslashvik_Mjoslashsa_GoldenRetriever_zps2357fbaa.jpg

 photo IMG_0925_GoldenRetriever_zps5a3b377e.jpgDet går då fint an å drikke frå eit plastglas!

Advertisements

Kvilestøylen

Ein søndag i slutten av juni gjekk Luna og eg på nye stiar, og enda opp på Kvilestøylen. Då vi nesten var framme åpna alle himmelens sluser seg! Luna brydde seg ikkje så veldig, men eg søkte ly under taket til ei gamal bygning. Det var lett å sjå at nokon andre hadde søkt ly der før, for eg måtte sjå meg godt om så eg ikkje sette meg på eit mørkebrunt visitt-kort :-p Etter bilde-knipsing og eting av niste, klarna det opp igjen :-)

 photo IMG_0801_Gloppen_Breim_Kvilestoslashylen_zps1c919f96.jpg

 photo IMG_0809_Gloppen_Breim_Kvilestoslashylen_zpsa94599d0.jpg

 photo IMG_0806_Gloppen_Breim_Kvilestoslashylen_zpsbd335212.jpg