Gjenbruk er moro!

I dag har eg tråla igjennom fire(!) gjenbruksbutikkar! Eg fant det eg leita etter, og meire til! Fekk tips av stemora mi om at det var ein Fretex-butikk som hadde eit par mini-blomsterkrukker som eg var på leit etter, så eg stakk innom der i går. I dag hadde eg betre tid etter jobb, og utnytta denne maks! Eg fann ei blomsterkrukke på kvar butikk, så no er samlinga mi ganske bra! Stakk så innom Maria og handla tre mini-ildtoppar,

så desse prydar eine vindaugskarmen i stova
img2563red

På kjøkenet har desse fått plass
img2542red
Krukka med det søte paret og den eine gule fekk eg tak i frå eine bror min. Det er mamma som har hatt dei. Eg har alltid syns om dei, og er veldig glad for at dei er mine no :) Dei to ytterste fekk eg i julegåve av eine svigerinna mi.

Sjekk den søte i midten!
img2549

Som nevnt vart det meir handling; seks søte dessertskåler og eit sett med seks fat og eit par skåler. Settet er heilt likt eit mamma hadde, så eg vart veldig glad då eg fann det :) Håper eg finn koppar også!

Finfint service i glass
img2522land

Søte dessertskåler
img2530red

Eg var såvidt innom eit loppermarked for eit par månader sidan. Det var som å vere sild i tønne, så det vart kun ein liten tur. Men eg fann ein krakk, to sett-bord og seks stilige fat som passar perfekt til å ha lys på. To blå, to lilla og to svarte.

Lilla fat med steinar og te-lys
img2516red

3-åringen min :)

I dag er Luna tre år! Det følast ikkje som at det er so pass lenge sidan eg henta det lille nurket…

Måtte ein tur bort i Ytterlandsvika og forevige henne :) Her er eit av mange bilde, noko redigert :)

Torsdag 4. juni

Sjølv om det kun har vore utrygt for sol i dag, har vi kosa oss. Først var vi ute i hagen saman med eine husverten og ungane. Deretter vart det ein rask tur på lilletoppen på øya her. Har fått skaffa meg nytt minnekort og batteri til kameraet, så no kan eg knipse i veg :) Veldig praktisk å få plass til nesten 1000 bilde i staden for 60 :p haha! Det kjem nok til å vise igjen her etterkvart!

Pinne-gnage-guri i aksjon!
040609pinneguri

Fine blomar i hagen. Det ER sommar :D
040609blomster

Nydeleg utsikt fra lilletoppen + meg og Luna mi.
040609lilletoppen