Giskespelet 2009

For tre veker sidan var eg på Giske og fekk med meg ei fremsyning av Giskespelet.
Historia kan du finne her.

Skodespelarane er proffesjonelle amatørar, som dei kaller seg sjølv, og bor på øya Giske. I år var det ein rett stor kjendis som spelte kongen; Nicolai Cleve Broch. Litt ekstra stas å sjå på då :)
Eg synest dei gjorde ein kjempebra innsats, spesielt ungane, og eg storkosa meg!

Et vellykka arrangement :)

Det var nydelig vér og fullt med folk i amfiet, både på eine og andre sia
img2577red
Nokre bilder fra fremsyninga
img2583red
img2586red
img2591red
img2596red
img2600red

Fleire Gjenbruks-KUPP!

Første gangen eg var innom Gjenbruk, fant eg ein fin skjenk i 70-talls-stil. Hadde ikkje plass i bilen, så fikk med pappa og bilen hans dagen etterpå. Og skjenken den stod der og venta :) I tillegg blei et heilt ok salongbord med heim. Begge delar til den nette sum av 550 kroner! Eg har sett etter skjenk/vitrineskap og salongbord ei stund, men har ikkje funne noko som har falt i smak både utsjåande og prismessig i dei butikkane eg har vore innom. Det tok litt tid før eg kom på å kikke innom bruktbutikkar også. Men den som ventar på noko godt… ;)

Då eg kom heim med fangsten, lurte husvertane på om eg trengte spisestue. Eg var litt skeptisk, men då han henta ein av stolane var all tvil borte! Den var heilt lik stolane vi hadde heime då eg var lita! Så då vart det endeleg skikkeleg spisestue i kåken :) Det visast at møblene har vore godt brukt, men det er berre sjarmerende synes eg :) Og prisen var det ikkje noko å sei på; 1.500 kroner.

Etter at spisestua og skjenken kom på plass, såg eg at eg måtte leite etter ei hylle i omtrent samme stilen. Og som sagt, så gjort. Tidlig i denne veka stakk eg innom Gjenbruk, og der stod hylla og venta på meg! 290 kroner! Aiai! Og den fikk eg med i bilen, så no er spisestue-delen komplett møblert. Lykke :D

Stua mi:

Møblane er ei god blanding av sjølv-laga, gjenbruk, arva og trekt opp igjen, B-varer og Ikea :)