Tur til Norddal

I midten av september var dei fleste på jobben med på tur til Norddal. Første stopp og matpause var utsiktspunktet ved Kokarsteinen, like før Dyrkorn. Deretter bar det til Valldal sentrum, Sylte, for ein liten stopp medan vi venta på karane frå Valldal Naturopplevingar. Så bar det til Fjørå for dei som skulle rappellere, klatre, vandre i grotte eller gå tur opp til Ruggå. Etter fleire timar med aktivitetar og grilling, bar turen vidare til Linge fergekai og med ferga over til Eidsdalen, og vidare innover til Norddalen og Petrines Gjestgiveri. Der vart oss møtt av ei driftig dame som tok godt vare på oss og serverte oss mykje GOD mat! Det skal mykje til for å gløyme den farlig gode bringebærfromasjen! mmM!

Kokarsteinen kiosk

Utsikt frå Kokarsteinen

Utsikt frå kaia i Valldal

Valldal sentrum, Sylte, har eigen syltebutikk!

Syltetøybutikken

Sylte kyrkje, Valldal

Snart 150 år gamal

 

Fjørå

Eg rappellerer!

Den høgste veggen, omlag 25 meter

Rett ned!

Vatnperler inne i grotta

Flott (!?) toalett og venterom ved Linge fergekai

Vi nærmar oss Eidsdalen

Eidsdal sentrum

Th. Ytterdal landhandel

Storås Skjortefabrikk til venstre. Der har mamma både bodd og jobba.

Petrines Gjestgiveri i Norddalen

3-åringen min :)

I dag er Luna tre år! Det følast ikkje som at det er so pass lenge sidan eg henta det lille nurket…

Måtte ein tur bort i Ytterlandsvika og forevige henne :) Her er eit av mange bilde, noko redigert :)