Gjerdesanden

Laurdagen tok Luna og eg ein tur ut på Giske for å nyte det flotte lyset som vi har no. Det vart ei fin og kald tur på Gjerdesanden. Her er ein liten stemningsrapport.





Dagens lille tur

Véret no om dagane er strålande; kaldt, tørt, lite vind og mykje sol! I dag gjekk oss ein tur bort på hundeplassen og trena litt lydigheit og agillity. Luna har lært seg å stå på to, og no prøver eg å få ho til å stå lengre. Etterkvart håpar eg at ho kan lære å danse litt.

God søvestilling?!

Her om dagen eg kika bort på Luna, låg ho slik og søv. Ho vakna fort då ho forstod at eg kika på ho. Og då eg byrja å prate til ho, gjekk halen med jamne slag i veggen. Søta mi : )

Studio Hugo Opdal og Moods of Norway på Flø

I midten av oktober var eg so heldig at eg fekk vere deltakar på RYLA, Rotary Youth Leadership Award, i Ulsteinvik. Ein post på fredagen var tur til Flø og besøk hjå Hugo Opdal. Han driv Studio Hugo Opdal og Moods of Norway i den gamle skulen på Flø, ein liten køyretur utover i frå Ulsteinvik. Hugo presenterte seg sjølv som ein GAL mann, og fortalte mykje spennande, inspirerande og tullete.

«La kvar kvarrdag vær en fæst» – Hugo Opdal

«To have more fun» – vidare målsetning til guta i Moods of Norway

Velkomen inn!

Julegåveønske?!

Traktorvaffeljern!

I galleriet: Bilde måla av Ørnulf Opdahl

Hugo fortel entusiastisk, vi lyttar, nikkar og flirar

Utsikt gjennom eine vindaugsglaset i galleriet

Tøff trappeoppgang!

Sjølvsagt har Hugo ein rosa traktor utføre!

Vel verdt eit besøk!

Bakedag

I dag har eg bakedag, eller bakeformiddag, sidan eg snart skal ein tur på jobb på stadion. Det vart nokre og tjue kanelsnurrar, ei gulrotkake og eit par brød, som no står i ovnen og steikar seg.

mmM!



Posted in Mat

Haust på Aksla

I midten av oktober hadde eg besøk utanbys frå. Sjølvsagt tok vi den obligatoriske turen på Aksla for å nyte utsikta over den flotte byen som Ålesund er.

Stemningsfullt

Ålesund i haustdrakt

 

Fagrefjellet

Siste søndagen i september reiste Luna og eg innover til Sykkylven for å vere med mellomste bror min, kona og yngste dottera på tur. Vi starta frå øvst i Vikedalen, gjekk oppover mot Aurenakken, innover Heiane over myrane og opp på Fagrefjellet, 466 m.o.h. Det vert også kalla «Latmannsfjellet», sikkert på grunn av at det er ganske enkelt å «bestige» frå Grebstadsætra. Turen vår var iallefall ikkje ein latmannstur, for det var tungt å gå over myra. Nedatt gjekk oss over noko av myra, til oss møtte på ein av skogsvegane som kjem inn på vegen innover til Høyset.

På veg oppover stien mot Aurenakken

Ei av barndommens velkjende utsikter

Praktfulle Sykkylvsfjell, sett frå Heiane

Luna mi

Snart på toppen!

Utsikt frå toppen: Sykkylven, Sula, Giske, Ålesund

Takk for ein flott tur : )

Pose med applikert hjarte – tutorial


Eg er inne i ein pose-syar-periode, og har på oppfordring prøvd å lage ei oppskrift på ein enkel pose med fór. Slike posar kan lett gjerast spanande med litt dekorasjon eller ved å bruke spesielle stoff med tøffe trykk på.

Skjering av stoff. Eg brukar rullekniv og linjal med inch-mål.
Til denne posen har eg brukt desse måla:
Fór, to bitar á: 11 1/2 x 12″ – 29 x 30,5cm
Pose, to bitar á: 11 1/2 x 14″ – 29 x 35,5cm

Eg valgte å applikere på eit hjarte, for å pynte litt. Då treng du vlisofix, strykepapir med dobbelsidig lim på. Tegn hjartet på vlisofixen, stryk den på baksida av det valgte stoffet, og klipp ut.

Riv av papiret på baksida av hjartet, legg det der du vil ha det på posen, og stryk fast. Legg stabilisator på baksida og sy hjartet fast med siksakk-saum.

Riv av stabilisatoren, inntil saumen, men ikkje det som er under saumen.

Riv også av det som er inni hjartet.

Sy saman dei to bitane som skal bli posen, rette mot rette. Bruk 1/4″ sømmon, omlag 0,65 cm. Gjer det same med fóret. Deretter legg du fóret oppå posen, og siksar dei saman.

Snu posen, slik at fóret kjem på rette plassen.

Finn fram stoff til løpegangane. Eg har brukt same stoff som til hjartet. Omlag 2 1/2 – 3 1/2 » breie, 6,5 – 9 cm, og litt kortare enn breidda på posen.

Brett løpegangane på langs, rette mot rette. Sy ein saum i kvar ende.

Vreng løpegangane og stryk dei.

Merk av kvar løpegangane skal festast, ein på kvar side av posen. Eg valgte 4″, 10cm, frå kanten til åpninga. Du kan gjerne la avstanden vere lengre, då får posen ein finare fasong når snorene strammast. Sy fast den åpne kanten av løpegangen til posen. Sy gjennom både posen og fóret.

Stryk over saumen for å fiksere. Dette er lurt å gjere med alle saumane.

Brett løpegangen oppover, og stryk. Sy deretter fast den lause enden. Ver gjerne bevisst på kva farge tråd du vel.

Når begge løpegangane er sydd på, snur du posen. Brett inn enden av posen, stryk.

Brett inn enden av posen ein gong til, stryk og fest med nåler. Sy siste saumen. Bruk gjerne linjalen til symaskina.

Tre i to snorer i løpegangane. La begge endane til eine snora vere på same side, og endane til den andre vere på andre sia. Knyt eller sy saman. For å gjere ekstra flid på endane, kan du sy fast eit stykke stoff på dei, f.eks. utforma som ei pil eller ein ball, med litt vatt inni.

Lykke til : )