Månadens bilde

Luna nyt utsikta mot Runde

Advertisements

Filmliste 2010

Hachiko: A Dog’s Story (2009)
Gymnaslærer Pedersen (2005)
Finding Neverland (2004)
Tatt Av Kvinnen (2007)
Becoming Jane (2007)
Pride And Prejudice (2005)
Twilight: New Moon (2009)
Mansfield Park (2007)
Persuasion (2007)
Sense & Sensibility (2008)
Northanger Abbey (2007)
Arn: Riket Ved Veiens Ende (2008)
Sex And The City 2 (2010)
The Last Samurai (2003)

Sy-prosjekt

Her er resultatet av forrige vekes sy-prosjekt. Eg vart fornøgd, og bursdagsjenta vart glad : )


Kvernhusvika

I kveld vart det ein tur til Kvernhusvika, så både Luna og eg fekk herja litt. Hadde med godbitar som Luna fekk søke etter, og eg leika meg med fotoapparatet.

Luna nyt solnedgangen

Godbitsøk

Matmor prøver å ta bilete av myrull...

Linselusa

Storehornet

Dagen i dag starta med ein del skyer på himmelen, og då spesielt innover. Utover klarna det meir og meir opp, so eg pakka i bilen og køyrde til Alnes, for å gå opp på Storehornet (497 m.o.h.) på Godøyfjellet, høgste fjellet i Giske kommune. Stien frå Alnes opp til Alnesvatnet er fin, og i dag var det ein god del folk og dyr som hadde tatt turen. Frå austsida av vatnet valgte eg kortaste, og brattaste, vegen opp til toppen, so det vart ein god del pustar i bakken både på Luna og meg. Vel oppe på Storehornet slappa oss av med god niste til den flotte utsikta. Litt nordavind og fortsatt ein del skyer. Nedatt gjekk oss same retninga, men valgte stien lengst ut mot kanten. Det klarna endå meir opp, so dei finaste bileta vart knipsa på tilbaketuren. Vel nede ved bilen var ikkje føtene mine heilt stø, og det var herleg å få av fjellskoa!

Ein liten pust i den første bakken

Og ein pust i den brattaste bakken

Snart på toppen

Eg og Luna på toppen. Ålesund i bakgrunnen, til venstre.

Luna nyt utsikta

Vigra, Giske og Valderøya

Alnesvatnet

Ein finfin laurdag

Oppskrifta på ein finfin laurdag:
*Ut av loppekassa i ni-tida
*Bake; porsjonspizza og rundstykker
*Pakke til dagens tur
*Pizza til frukost
*Morgontur
*Køyre til bygda
*Tur til Gimsdalen attmed kjekke folk og dyr! Nyte sola og nista : )
*Pizza til middag
*Besøke ein bror, og overraske med pizza
*Fin tur heimatt
*Kike på dagens bilde, og la andre sjå kor fin den har vore
*Smile, og gle seg til neste dag og tur : )

Dagens bakst; porsjonspizza og rundstykker

Luna ventar tålmodig på morgonturen

Ein liten hoggorm-unge kryssa vegen rett framfor oss

Gimsdalstinden, nesten utan snø!

Idyll!

Nydelege kvitveis : )

Gimsdalen

Tur til Gimsdalen ein herleg fredag i mai : )

På veg innover Vikedalen

Første post: Høyset

Luna og Maya, to gode vennar

Utsikt frå kvilesteinen

Luna kosar seg i snøen. Gimsdalstinden i bakgrunnen

Tiggelusa

Full gass!