Ei lita kulturvandring

Fredag vart det óg leiting etter geocacher i sola.
Turen gjekk til Nordfjord Folkemuseum på Sandane.
Der fekk vi ei lita kulturvandring,
og to funn :-)

Vi hadde heile museumsområdet for oss sjølv,
så her var det berre å leite etter cacher
og knipse bilde!

 photo IMG_0399_Gloppen_Sandane_NordfjordFolkemuseum_zpsa0693e17.jpg

 photo IMG_0401_Gloppen_Sandane_NordfjordFolkemuseum_zpse9876a5a.jpg
Installasjon i full storleik kunne eg lese.. Jaha, småfolk som har budd her!?

 photo IMG_0403_Gloppen_Sandane_NordfjordFolkemuseum_DeiTreBukkaneBruse_geocache_zpse3c049ee.jpg
Dei tre bukkane Bruse viste meg veg til første cachen

 photo IMG_0405_Gloppen_Sandane_NordfjordFolkemuseum_geocache_zpsd0fd9190.jpg
For å finne denne vart det både tur over elva og trakking i skogen,
før eg kom på rett veg :-p

Tur til Sørstranda

Kombinasjonen
fri på formiddagen og strålande sol,
må berre nyttast godt!

Torsdag tok vi turen til Sørstranda
for å leite etter eit par geocacher.

Først stoppa vi ved Mardal skule,
for ein tur til skytebana.

 photo IMG_0379_Gloppen_Sandane_skytebane_geocaching_zpsb0586f2a.jpg
Ikkje noko raudt flagg oppe,
så cachen vart lokalisert og logga :-)

 photo IMG_0382_Gloppen_Sandane_skytebane_GoldenRetriever_Luna_zps8609a288.jpg
Luna sjekkar forholda

Vidare gjekk turen til Rygg skule,
for ein tur til Steinkrossen på Ryggøyra.

 photo IMG_0386_Gloppen_Rygg_Steinkrossen_Ryggoslashyra_kulturminne_zps21022713.jpg
Flott steinkross, omlag 1000 år gamal

 photo IMG_0383_Gloppen_Rygg_Steinkrossen_Ryggoslashyra_kulturminne_zps2ff07d8c.jpg

 photo IMG_0388_Gloppen_Rygg_geocaching_zps05731c91.jpg
Etter litt leiting, vart cachen lokalisert og logga :-)

 photo IMG_0392_Gloppen_Rygg_naust_zpsfa555471.jpg
Flott gamal kai med gamle naust

Nordfjorden rundt

Søndag fekk eg lufta meg litt.
Nesten ei heil veke sidan sist!

Eg planla å samle
ein god del geocacher
rundt Nordfjorden
i det fine véret.

Det vart ein flott tur:
13 mil,
nokre funn
og
fine bilde.

 photo IMG_0312_Joslashtlemannen_Gloppen_Sandane_Jettegryte_zps1a65c65d.jpg
Jøtlemannen, ein stein som står framfor ei stor jettegryte

 photo IMG_0305_Joslashtlemannen_Gloppen_Sandane_Jettegryte_zpsa389544a.jpg

 photo IMG_0311_Joslashtlemannen_Gloppen_Sandane_Jettegryte_zpsa688a235.jpg
Jettegryta er av dei største som er funne, men om lag halvparten kan ein ikkje sjå

 photo IMG_0316_Heksemonumentet_Anda_Gloppen_heksebrenning_zpsf4d6b579.jpg
Påminning om ei grusom tid i norsk historie

 photo IMG_0318_Heksemonumentet_Anda_Gloppen_heksebrenning_zps861cc8d1.jpg
Heksemonumentet står like ved Anda fergekai

 photo IMG_0326_Andafergekai_Nordfjorden_Gloppen_zpse7923d44.jpg
Utsikt innover Nordfjorden, frå Anda fergekai

 photo IMG_0329_Andafergekai_Gloppen_Nordfjorden_Lote_Eid_Nordfjordeid_zps803db87f.jpg
Ferga legg snart til kai, og det er på tide å fortsette turen på andre sida av fjorden

 photo IMG_0337_Nordfjorden_Innvik_Utvik_zps4dcbc679.jpg
Utsikt innover Nordfjorden, frå Panoramavegen

Dagens luftetur

Etter nokre dagar med gråvér og regn,
er sola (herleg!) og kulden tilbake.
Sistnevnte kan eg ikkje minnast å ha lagt inn bestilling på…!

PhotobucketUtsikt frå dagens luftetur ved Eidsfossen

Ut mot havet

Ut mot havet
der drømmer blir sanne
og vinden gir svar

Photobucket
Mars månad og endeleg vår!
Det måtte feirast med ein tur til kjære Valderøya.

Både Luna og eg syntest det var herleg med
sjøluft,
bølgebrus
og
vind i håret :-)