Aksla

I går vart det ein ein flott tur på Aksla. Vi gjekk i frå stadion via Rundskue og nokre av dei gamle vatn-reservoara, for at Luna skulle få bløyte seg litt, til Fjellstua. Der i frå trippa oss ned til Byparken, gjekk Borgernes veg til Flatholmen, og stien oppatt til stadion. Fin søndagstrim ; ) Her er nokre bilde knipsa med mobiltelefonen.

Utsikta innover, frå litt nedom Rundskue

Valderøya då veit du : )

Luna tek ein kvil for å nyte utsikta (eller for at matmora skal..)

Ålesund, vakker som alltid

Dagens tur bak fjellet

Då var ferien over, og første arbeidsdag vel overstått… puh :p
Véret var strålande då eg kom heim, så det var ikkje anna å gjere enn å hive på seg turkle og komme seg bak fjellet. Sol, rundt 17 grader og litt vind, dét er fint turvér for Luna og meg : ) Det vart ein finfin tur frå Valdervoll via Hellarsletta til Sætredalen og tilbake. Hadde med bitar av tørka brødskiver og nokre kjeks som Luna fekk søke etter. Stor stas!





Opp til Hellarsletta har nokon vore så flinke å lage ein til flott platting, så no kan regnet berre kome uten å øydelegge stien : p

Bæææ!

I dag kom sybehovet snikande, så då vart det endeleg ny pute til Luna, med svarte og kvite får på : ) Hadde ei alt for stor skumplastpute som eg tilpassa plassen hennar i gangen. Sydde eit trekk i regnkle-stoff, for å beskytte skumplasten. Så fekk puta eit tøft trekk med sauar på. Eg har sydd trekka som putevar, så dei skal vere enkle å ta av og på ved behov. Praktisk å kunne vaske yttertrekket i vaskemaskina. Så no er eg på jakt etter eit eller fleire andre tøffe mønstra stoff, slik at vi har fleire trekk å bytte mellom!



Tur fra Östersund – del 3

Den fjerde dagen pakka oss ut av hytta og sette nasa mot Trondheim igjen. Tok turen ganske rolig og vi hadde ein del stopp for å leite etter cacher. Gunhild sitt innlegg finn du her.

Ein "liten" voktar ved Ica i Åre

Luna kikar utover Grønnbergdammen

Opp og ned

Östersund – del 2

Den andre dagen i Östersund knipsa eg faktisk ikkje eitt einaste bilde, så om du vil sjå kordan vi hadde det, klikk deg innom Gunhild sitt innlegg. Den tredje dagen var véret strålande, så oss tok turen til Östersund skistadion. Eit rett flott anlegg! Vi traff på ein del rulleskiløparar på trening, og nokre skiskyttarar trena på stadion. Vi fekk også ein tur langt ut i dei svenske skogar, på leiting etter fleire cacher. Lyst å sjå meir frå denne dagen også? Ja!

Velkomsten

Info om det flotte anlegget

Skismørar-hytter?!

Arctura, akkumuleringstank og restaurant

Tydelegvis ein relativt kjent svenske

Mr. Dahlqvist

Trening pågår!

Östersund skistadion

Eg og Luna

Skyting pågår!

Tur til Östersund – del 1

Forrige mandag henta eg Gunhild i Trondheim, og vi sette kursen mot Östersund. Det er om lag 25 mil, så vi kunna gjort turen unna på omlag fire timar. I staden valgte vi å ta turen dit også som ein tur. Vi hadde mange stopp, kika oss rundt, lufta både oss og Luna, og ikkje minst: leita etter geocacher. Her er mine utvalgte bilde frå turen. Gunhild har dokumentert mykje meir på sida si, så om du vil sjå, ta turen dit.

Eg hadde lyst på iskaffi, men det hadde dei ikkje her:

Flora landhandel, Stjørdal

Og det skulle vere ein cache her ein plass, meeen nei..

Eg på første tur med GPS'n

Her skulle det óg vere ein cache…

Kommune nr. 4 på turen; Meråker

Skurdalsvolldammen, ein plass verkeleg verdt å stoppe! Og her fann Gunhild cachen : )

Fin velkomst

Gunhild på tur ned til dammen for å finne cachen

Fin demning

Skurdalsvolldammen

Kan du høyre brusinga?

Blåklokker

Idyll!

Neste stopp; Storlien:

Har du lagt att noko "kæsj" her?

Eg fann, eg fann!

Cach hjå Nabocash

Fint bodskap

Her har dei farleg god kvit sjokolade med hasselnøtter, og MYKJE anna fristande!

Åre Chokladfabrik




Les meir

Kanndalssetra – Eresfjorden

Laurdag 7. august sette Luna og eg kursen til Eresfjorden for å besøke Henriette. Véret var strålande og etter tre timar i bilen ankom vi eit raudt, koseleg, lite hus. Vi kosa oss ute heile dagen, og rusla ein tur rundt halve bygda. Søndagen starta med nokre faretruande skyer og ein liten regnskur. Deretter vart véret atter strålande, og vi sette kursen for Kanndalssetra. Etter knappe to timar rusling i oppoverbakke var vi framme i paradis. Så utruleg nydeleg, og ganske fredfult, bortsett fra ein vel innpåsliten sau…! Luna var visst fole fin, eller kanskje ho var skummel?!

Luna og Henriette på veg oppover bakkane til Kanndalssetra

Revebjelle

Mitt første møte med Kanndalen

Eitt av fleire herlege bad

Luna og eg

Setra kan sovidt skimtast

Henriette nyt utsikta

Vi vart fleire til kaffi

Innover dalen

Røsslyngdreparen i aksjon!

Heimtur

Rørt blåbærsylte

Eg starta ferien med å røre jordbærsylte, og fortsette med å plukke og røre blåbærsylte. Luna og eg kosa oss i blåbærlyngen i eit par timar, og resultatet vart 1,3 kg bær!

Utsikt frå blåbærlyngen - heilt til Vigra!

Luna storkosa seg med lyngeting - inga bombe!

Blåbærplukkarhand

1,3 kg blåbær, klar for røring

Rørt blåbærsylte, klar for frysaren

Langeneset

Tirsdag 3. august starta med omlag 14 varmegrader, lavt skydekke og yr, men det stoppa ikkje den planlagte turen til Langeneset. Det yra knapt då oss starta fra Per Sveins plass, og resten av turen var det opplett og finfint. Stemninga var rett magisk framme ved Langenesvatnet, der skodda låg som eit belte mellom vatnet og dei spisse toppane rundt.

Langenesvatnet

Hammarsettindane inntulla i skodde

Hammarsettindane, sett frå krysset ved Hindaholen

På veg nedover bakkane til Per Sveins plass

Rørt jordbærsylte

I forrige veke laga eg rørt jordbærsylte av 8 kg Valldalbær. No har eg ei frysarskuffe full, så det bør halde eit godt stykke utover vinteren. Men kven veit?! Rørt jorbærsylte er farleg godt, mmM!

Posted in Mat