Kva skjer?

I slutten av juli flytta Luna og eg frå Trøndelag til Nordfjord. Sidan då har eg starta i den nye jobben, og vi har flytta enda ein gong – men då berre 6 km : )

No om dagane går tida utanom jobb med til å ordne til i det lille huset vi akkurat har flytta inn i. Her er stort potensiale til å få det koseleg, så det dukkar opp bilde etterkvart.

Litt mimring tilbake til sommaren må til no i den mørke tida. Her frå ein tur i august, til Byrkjelostøylen og Melkebakksteinen.

Photobucket

Start frå skytebana på Urda, med mektige Vora.

Photobucket

Planen var å gå ein liten tur til Byrkjelostøylen.

Photobucket

Byrkjelostøylen.

Photobucket

«Er der nokon?!»

Turen til støylen vart litt i kortaste laget i det fine véret, so det bar vidare oppover, oppover, oppover…

Photobucket

Luna pustar ut! Endeleg oppe på Melkebakksteinen. Myklebustvatnet i bakgrunnen.

Photobucket

Eg nyt utsikta! Arbeidsplassen, Byrkjelo og Utvikfjellet.

Photobucket

Så herleg å ligge i lyngen!

Bokliste 2012

Marina Fiorato – Glassblåseren fra Murano
Victoria Hislop – The Return
Trude Teige – Noen Vet
Karin Fossum – Elskede Poona (lydbok)
Karin Brunk Holmqvist – Sirile Gentlemen Søkes
Karin Brunk Holmqvist – Rapsgubbene
Carin Gerhardsen – Byssan Lull
Carin Gerhardsen – Død Manns Hånd