Vårkjensle

Strålande sol og eit par plussgrader gav ei herleg vårkjensle i dag.
At det er bart og tørt gjer sitt til at ein ikkje trur på at det fortsatt eigentleg er vinter.
Dagens tur gjekk oppover til Kålsmyrane. Rett herleg for både to- og firbeint!

Nyt!

 photo IMG_1363_Reed_Breim_Gloppen_zpscdbbc9ca.jpg

 photo IMG_1370_600_Karinglsmyrane_Reed_Breim_Gloppen_zps7fb37916.jpg

 photo IMG_1372_600_Karinglsmyrane_Reed_Breim_Gloppen_zps7bf8d2a6.jpg

Advertisements

Myklandsdalen

I sola i dag reiste vi innover til Kandal, for å leite etter ein geocache i Myklandsdalen.

 photo IMG_0834_Gloppen_Kandal_Breim_Reed_Breimsvatnet_zpsd796e44b.jpg
Utsikt utover Breimsvatnet frå Kandal

Då bilen var parkert i nokre hundre meters avstand frå Myklandsstøylen og sauene, hestane og ikkje minst geitene der, var sola bak skyene. Litt kald vind var det óg, så eg var glad eg hadde med meg ein tynn fleecegenser i tillegg til vindtett.

Ein av hestane var særs interessert i Luna, og eg trudde ikkje vi skulle kome oss derifrå uskada. Heldigvis kom det ein som jobbar på støylen og fekk hesten på andre tankar. Puh! Sauene og geitene kika stort sett berre på oss, så vi fikk rusle avgarde innover dalen i fred.

Gøymestaden for geocachen vart lokalisert ganske kjapt, men på andre sida av elva. Eg leita lenge og vel etter ein plass å gå over tørskodd, men det var ikkje å finne. Då var det berre å ta av sko og sokkar og vasse over. Luna var litt skeptisk på straumen i byrjinga.

Brr, eg syns det var kaldt!

 photo IMG_0812_Gloppen_Kandal_Myklandsdalen_zps41b31864.jpg
Vel over elva, med tørre sko og sokkar til vidare bruk :-)

 photo IMG_0816_Gloppen_Kandal_Myklandsdalen_goldenretriever_zpsab20907a.jpg
Luna var ikkje akkurat lei seg etter å ha bada endå ein gong!

Geocachen vart funnen i fin stand og logga.

Deretter tenkte eg igjen å finne ein stad å komme over elva tørskodd, no når eg hadde fått tørka føtene og fått på skoa igjen. Etter å ha gått nesten nedatt til støylen, møtte vi på ein liten bre, og då var det berre å returnere og vasse over igjen :-P Så i dag har vi gått ein del meter ekstra. Men det er berre fint :-)

 photo IMG_0821_Gloppen_Kandal_Myklandsdalen_zpse8b6ce3a.jpg
Skitten snø, men stilige tunnellar til elva

 photo IMG_0826_Gloppen_Kandal_Myklandsdalen_goldenretriever_zpsa7ca892e.jpgLuna tek ein pust i bakken

Då vi kom tilbake til bilen, var sola på veg fram frå skyene igjen. Bra planlegging, ja :-p

 photo IMG_0836_Gloppen_Breim_Reed_Breimsvatnet_zps61af9f0c.jpgReed sett frå vegen heim frå Kandal