Storehornet

Dagen i dag starta med ein del skyer på himmelen, og då spesielt innover. Utover klarna det meir og meir opp, so eg pakka i bilen og køyrde til Alnes, for å gå opp på Storehornet (497 m.o.h.) på Godøyfjellet, høgste fjellet i Giske kommune. Stien frå Alnes opp til Alnesvatnet er fin, og i dag var det ein god del folk og dyr som hadde tatt turen. Frå austsida av vatnet valgte eg kortaste, og brattaste, vegen opp til toppen, so det vart ein god del pustar i bakken både på Luna og meg. Vel oppe på Storehornet slappa oss av med god niste til den flotte utsikta. Litt nordavind og fortsatt ein del skyer. Nedatt gjekk oss same retninga, men valgte stien lengst ut mot kanten. Det klarna endå meir opp, so dei finaste bileta vart knipsa på tilbaketuren. Vel nede ved bilen var ikkje føtene mine heilt stø, og det var herleg å få av fjellskoa!

Ein liten pust i den første bakken

Og ein pust i den brattaste bakken

Snart på toppen

Eg og Luna på toppen. Ålesund i bakgrunnen, til venstre.

Luna nyt utsikta

Vigra, Giske og Valderøya

Alnesvatnet

Advertisements

6 thoughts on “Storehornet

  1. Åh, herlege bilder! :D

    Det blir verkeleg bra bilder med det nye kameraet ditt!!! Eg slit med å ta fine bilder når det er sol og lyst… :/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s