Myklebusthornet

Kristi himmelfartsdag vakna eg opp til strålande turvér. Øvst på lista stod Myklebusthornet (329 m.o.h.) på Ellingsøya, so då var det berre å pakke med seg niste og komme seg avgarde. Fekk «lurt» med pappa óg : ) Vi starta frå Nes, gjekk innover Sætredalen, opp på Kleiva, utover til Myklebusthornet, vidare utover og nedatt til Nes. Ein knallfin tur i eit strålande vér, med panoramautsikt alle vegar! Ein tur å anbefale!

Neste gong står Rørene, nabotoppen, for tur.

Pappa og Luna på veg innover Sætredalen

Utsikta eit stykke oppe i Sætredalen

Fine Sunnmørsalpar

Oppe på Kleiva

Målet!

Utover mot Ålesund og Godøya

Luna prøvar å vaske seg litt...

Fine Luna mi!

Advertisements